onsdag 25. mai 2016

Feiring av 50-årsjubileum i Resdalen, laurdag 11. juni

Som dei inviterte har fått beskjed om, vert 50-årsdagen min feira på hytta vår i Resdalen laurdag 11. juni. Følg med på denne nettsida for nærare informasjon!

Program (cirka-tider)

11.00 Enkel servering
Kaffi/te og sveler
11.30 Tur
For dei som har lyst, blir det ein tur i området. Eg kan love at turen blir litt mindre ambisiøs enn ved 40-årsjubileet. (Vi er trass alt vorte 10 år eldre!). Ta med niste til turen. Det er også muleg å tilbringe dagen i godt selskap ved hytta for dei som heller vil det.
17.00 Jubileumsmiddag
Mat. Underhaldning ved gjestene
Søndag kan dei som ønskjer det få frukost frå kl. 10.00. (Heilt frivilleg!)

Antrekk

Turklede. Dersom veret er brukbart så vil jubileumsmiddagen verte utandørs. Ta difor med nok varme klede.

Overnatting

Vener og hyttenaboar stiller senger til disposisjon. Gje beskjed om de treng overnatting.

Gåveønskjer

Eg har vorte spurt av ein del om kva eg ønskjer meg. Det er ikkje så lett å svare på. 50-åringar har jo stort sett alt dei treng. Uansett er den beste gåva er at de er med å feirer dagen! Heller ein ting ønskjer eg meg:
  • Dugnadsarbeid på hytta
  • Kake til selskapet
  • Ei oppleving utanom det vanlege

Påmelding

Fint om de kan gje tilbakemelding innan onsdag 8. juni om
  • når de tenkjer å kome
  • de treng overnatting
  • de tenkjer å kome til frukost på søndag

Kart

For dei som ikkje har vore på hytta før, her er kart der hytta og parkeringsplassen er markert. Det er 150 meter å gå frå parkeringa til hytta. Vi vil merke parkeringsplassen med eit norsk flag og ballongar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar